- Created By:
- Hardanger Trening
- Participating In:
- Rosa sløyfe-aksjonen 2026
- Collecting for:
- Rosa sløyfe-aksjonen 2026
GOD PULS for ei GOD SAK 🎀
I oktober ønskjer me på Hardanger Trening å bruke treningsgleda til noko ekstra fint..
Laurdag 17. oktober kl 11.00 inviterer me til ein eigen Rosa sløyfe-spinning på Hardanger Trening. Me fyller 30 syklar og køyrer ein energisk time saman til inntekt for Rosa sløyfe og brystkreftsaka.
Det er gratis å delta på timen, og alle som ønskjer kan støtte innsamlinga med eit valfritt beløp.
Målet vårt er å samle inn 5 000 kroner.
Du treng ikkje vere med på spinningtimen for å bidra. Alle bidrag, små og store, betyr noko.
Ta gjerne på deg noko rosa og bli med på ein time med god musikk, god puls og godt fellesskap.
30 syklar🚴 God puls 🩷 god sak 🎀
Tusen takk for at du støttar Rosa sløyfe saman med oss🎀
Hardanger Trening
Betre form, betre helse, betre kvardag 🩷
Me støttar Rosa sløyfe fordi brystkreft rammar så mange – og meir støtte til forsking gir håp om betre behandling og at fleire kan få livet og kvardagen raskare tilbake
Tusen takk for ditt bidrag!
Recent activity
When donations are received, they'll show up here.
